Lise Lindbæk

Sigrun Slapgaard skriver om Lise Linbæk

Foto. Ekroll. Anne Liv Ekroll, NRK

 

- Pionér til ettertanke

 

Journalistane som drog for å dekke Spaniakrigen blei legendariske og omstridte.

Eg har skrive om Lise Lindbæk, og får ofte spørsmålet: Bør ho vere til inspirasjon eller avskrekking?

 

I år er det åtti år sidan freistnaden på militærkupp utløyste den blodige Spaniakrigen som skulle føre til at diktatoren Franco kom til makta. Til denne krigen drog det mange journalistar, forfattarar og andre engasjerte som hadde tatt stilling. Dei fleste ville kjempe mot fascismen. Lise Lindbæk ville bruke pennen som våpen, ho hadde i mange år sett og dekka fascismens framvekst i Europa, spesielt i Italia og Tyskland.

Lise Lindbæk var ei av datidas mest kjente kvinner. Det stod ein aura av den store verda rundt henne, karisma og kunnskap var ei blanding ho brukte like flittig som pennen.

 

Som biograf må ein likevel kjempe mellom å bli imponert og nedtrykt. Kostnaden av livet som åleinemor og oppsøkjande journalist blei høg. Kanskje blei Spaniakrigen sjølve skjebnesaka. Ein får gåsehud av vala ho måtte ta, og dei vala ho ikkje kunne ta. Men i ettertid står det respekt av at ho var blant dei første norske journalistane som åtvara mot nazismens framvekst.

 

Det var mange års erfaring og systematisk journalistarbeid som førte Lise Lindbæk til Spania. Ein klartenkt analyse av den europeiske utviklinga låg bak det drastiske valet før jul 1936: I staden for å reise heim til dottera Janka, drog ho til Spania. For henne handla det om å stoppe fascismen før den ”står på vår egen trapp”, som ho skreiv til mora.

 

I dag er dette eit val til ettertanke. Ein kan vere både kritisk og nedtrykt over mye i Lise Lindbæks liv, men framfor alt bør dei journalistiske vala hennar vere til inspirasjon. Nettopp i vår fragmenterte og oppstykka medietid burde vi sjå nærmare på det sosiale engasjementet i sakene Lise Lindbæk valde å bruke livet sitt på. Ho forvalta det journalistiske samfunnsoppdraget på ein måte vi nesten ikkje ser i vår tid.

 

Ho skreiv om jødeforfølgjing i Tyskland på trettitalet, og dreiv oppsøkjande reportasjeskriving frå kibbutzlivet i det som seinare skulle bli Israel. Ho reiste vidare til Beirut og tok opp situasjonen for dei armenske flyktningane. Lise Lindbæk ville noko med journalistikken sin, ho appellerte til handling på humanistisk grunnlag. Og sjølv om ho nesten gjekk under etter nederlaget i Spania, kom ho til overflata igjen med eit nytt engasjement for krigsseglarane under Den andre verdskrigen.

 

Da krigen var slutt reiste ho nordover og engasjerte seg for gjenoppbygginga i Nord-Norge i ein stor artikkelserie for Arbeiderbladet og på andre måtar.

 

Den siste store journalistsaka hennar handla om ei gruppe gløymde barn i Vest-Tyskland. Lise Lindbæk kom over ungar stua bort i ein kjellar, det var farga barn, uønskt resultat av forhold mellom amerikanske soldatar og tyske kvinner. Ingen ville ha barna. Lise Lindbæk nøgde seg i kjent stil ikkje med avisoppslaga, ho greip personleg inn og skaffa adoptivforeldre.

 

I sine beste saker var ho både ein fornyar av krigsreportasjen, og ein levande forteljar. Den reportasjeprega memoarboka Brennende jord (nyutgitt i 2006) viser korleis ho kunne svinge pennen, med vidd og kunnskap.

Kva bør så avskrekke oss? To faktorar bør med i vurderinga, at ho var kvinne, og den kalde krigen – begge deler medverka til at livet til Lise Lindbæk endte som tragedie.

 

Copyright © All Rights Reserved